Postkort frå vinterleir i Buenos Aires

CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

Postkort frå vinterleir i Buenos Aires

Sted: Buenos Aires, Argentina
Tidspunkt: Des 2009/Jan 2010
Antall dager: 28
Mission: Barneleir på den sørlige halvkule
Agents: Eirik, Tuva, Tiago, Marie og Siri

CISV Back To The Roots Village

Fjerde joledag stod Eirik Gustavsen, Tuva Kavli, Tiago Gjesdal, Marie Stette og eg på flyplassen, klare for å reise på barneleir. Turen gjekk til den andre sida av jordkloten, og etter meir enn ni månadar med førebuing og venting var det innmari kult å endeleg kome seg av garde. Etter ei lang reise med tre mellomlandingar slo varmebølgja imot oss. Ullty vart erstatta med badety og julestemning med kjensla av sommarferie.

Handicap-dagen: Dei "blinde" vert rettleia av "døve" og "stumme"

CISV Back To The Roots Village byrja for alvor på nyttårsaftan, då borna kom til leiren etter to dagar i badebassenget hjå vertsfamiliane. Etter å ha pynta både oss sjølve og leirstaden fekk me smake argentinsk biff og hadde ei storslått nedteljing med roping, hopping og sprekking av ballongar. Det nye året kom fortare enn planlagd, då klokka slo tolv var me berre halvvegs i programmet for kvelden og attpåtil midt i ein aktivitet. Slik har det seg at me feira nyttår ti minutt for seint og denne forseinkinga skulle vise seg å følgje oss resten av månaden. Endeleg ute såg me på fyrverkeri, tende stjerneskota som den svenske delegasjonen hadde med og sende opp små luftballongar. Dette er ein argentinsk tradisjon, og på luftballongane fekk alle skrive forventingar og draumar for det nye året. Å stå berrføtt i graset midt på natta den 1. januar og sjå tolv symbolske, glødande kuler stige mot himmelkvelvinga saman med førti forventingsfulle born frå heile verda er vanskeleg å beskrive. Det var magisk!

Ettersom leiren gjekk og borna hadde fått seg kjærastar og for lengst lærd seg å svergje på 12 språk var det tid for meir seriøse leikar. Eitt av høgdepunkta for oss leiarar var simuleringsleiken Rich and Poor, då barna grein av frustrasjon. «This is so unfair!» ropa dei med raude andlet. Overraskande var det dei «rike» borna som reagerte sterkast, sjølv om det tok ei stund før reaksjonen kom. På slutten av dagen syntest dei ikkje at det var så herleg å vere privilegerte lenger. Eit par dagar etter me hadde hatt rik og fattig-dag kom ein av dei brasilianske gutane som nok sikkert ikkje berre var velståande i leiken og sa at det var denne aktiviteten han hadde lærd mest av. To dagar tidlegare var han ein av dei seks «rike» ungane som fekk badebassenget eksklusivt i ‘pool time’ og kjempa energisk for at også dei «fattige» borna skulle få bade – heilt inntil me spurde om dette var noko han vanlegvis gjorde heime… Ein annan leik som vart teke langt var ‘Baby Egg Family’. Nokre av barna vart tilfeldig sett saman i par, mens andre var einslege foreldre. Dei ulike familiekonstellasjonane fekk ein baby (eitt egg) å ta vare på. Eit masseapparat av sosiale tenester var sete i gong, me hadde både barnehagar, barnevern, familierågjeving prest og sosialkontor. Babyar vart adopterte, mista, sameina med foreldra på nytt, foreldre skilde seg og gifta seg på nytt. Landbyen fekk i oppgåve å stå samla mot dei babystelande juniorleiarane, og det var mykje drama. Ein dag som blind gjorde også inntrykk då me hadde handicap-dag.

Wife & Husband, Tiago i blått

Det er spennande å vere på barneleir. Som del av ei internasjonal leiargruppe blir ein etterkvart vand med ulike leiarstilar og personledomar, ein får verkeleg augene opp for mangfaldet blant oss og brynt seg på teamarbeid. Det er kjekt å sjå at måla me hadde for leiren og borna vart oppnådde, òg for oss sjølve. Gleda til borna og kjensla av samhald gjorde det lett å hente fram energi ein ikkje visste kor kom frå. Det var kult å sjå barna oppdage sider ved seg sjølve og verda som dei gjerne ikkje var klar over i frå før. Alle fem i delegasjonen trivast verkeleg godt på leiren, og Eirik hat uttalt at dette har vore noko av det beste i hans liv. – «Fordi det var alltid morsomt og være der sammen med andre folk, og oppleve nye ting som du kanskje ikke hadde gjort hjemme.  Selv om folk var forskjellige så tok alle vare på hverandre. Det var litt kjipt å reise fra vennene mine, men jeg tenkte at man har dem alltid når man kommer hjem, og når man drar på leir så møter du andre folk som man blir gode venner med. Alle CISV-aktivitetene var så morsomme og hadde en betydning. For eksempel fattig og rik-dagen, handicap-dagen og andre leker hvor man lærer om ting som man faktisk ikke har tenkt på før.»

Å vere i Argentina i januar var eit herleg avbrekk frå kalde og mørke Noreg. Heime i frå fekk me meldingar om at gradestokken kom ned i tretti kuldegrader, mens me hadde det omlag sytti grader varmare. Det var ikkje så vanskeleg å vite kvar me føretrakk å vere, sjølv om det kunne bli vel klamt av og til. Med pool time kvar dag og stor kjøtmiddag både til lunsj og kvelds hadde bobla me levde i eit drag av feriekjensle over seg, og i etterkant verkar det uforståeleg at me var der i fire veker. Kvar dag var travel frå morgon til kveld, og for leiarane til langt på natt. Eg kom heim utslitt, glad og med mange gode erfaringar. Og aller viktigast, med nye vener.

Tekst og bilete: Siri Raknes Hagen

Camp photo

Publisert 28. april 2010, 11:47 · Kategori: Barneleir

Merker: , ,

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *