No kan du søke deltaking i Kompaz 2017

CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

No kan du søke deltaking i Kompaz 2017

Søknadsskjema for Kompaz 2017 er opna. Alle som er mellom 21-27 år og bur i Colombia eller Noreg, kan søke. 

SØKNADSFRIST ER 15. FEBRUAR 2017.

Trykk her for å komme til søknadsskjema

Kompaz er støtta av FK Norge, som har fokus på ungt leiarskap. Kompaz består av to norske og to colombianske deltakarar som jobbar tett saman i eit team. Kompaz har som mål å styrke kunnskap og kvalitet i CISV si fredsutdanning. Dette får me til mellom anna gjennom å skape nye aktivitetar for barn og unge, samarbeide med andre likesinna organisasjonar om ulike prosjekt og å lage små videoar som også blir promotert gjennom CISV International.

Me ser etter deg som
– har interesse for fredsutdanning, både for barn og vaksne
– har erfaring frå CISV eller andre frivillige organisasjonar
– har erfaring med å arrangere aktivitetar for barn og unge
– har interesse for mangfald som tema, anten frå arbeid, frivillig liv eller studie
– jobbar godt i team
– har interesse for filmproduksjon og media
– ønskjer å bidra til utvikling av CISV

Me kan tilby deltaking i eit spanande prosjekt som varar frå august 2017 til mai 2018, etterfulgt av to månadar etterarbeid (i hovudsak oppfølging og promotering gjennom ulike aktivitetar). I prosjektperioden bur du i Bergen frå august til desember, og i Bogotá frå januar til mai. Du får lommepengar og dekka alle bukostnadar. Det er ein månad ferie medio desember til medio januar. Du får vere del av eit internasjonalt miljø og utvikle deg både fagleg og personleg.

Hjelp oss gjerne med å nå ut til endå fleire, anten ved å dele denne sida vidare til andre du trur kan ha interesse for Kompaz, eller ved å gå til Kompaz si FB-side og dele posten som handlar om søknad for 2017.

 

Ta kontakt om du har spørsmål:

Inger Berit Hagen
prosjektkoordinator

tlf 95705916
peye@fredsutdanning.no

Publisert 12. januar 2017, 16:36 · Kategori: CISV, Fredsutdanning, Mangfold, Slider

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *