Tenk om det fantest ein dag i året der det var fred på heile jorda?!?

21. september er FN sin internasjonale fredsdag. Bli med og feire!

CISV’arar over heile verda skal markere Peace One Day 2010 ved å spele fotball. CISV International ønskjer film eller bilete frå alle lokallag som har spelt og vil presentere kampane saman. Målet er å samle så mange deltakarar som mogleg for å syne at dersom vi kan samle menneske over heile jorda for å spele fotball éin dag, kan vi også samlast om mykje større ting!

Her er oppskrifta:
1. Ta med deg ein fotball og alle du kjenner
2. Spel ein venskapleg kamp du anten filmar eller tek bilete av (ha gjerne på deg ein CISV-gensar)
3. Send film/bilete til mosaic@no.cisv.org

Spørsmål?
Hanne Løge (juniorrepresentant), tlf 47658652.
Inger Berit Hagen (Mosaikk), tlf 95705916

Sjå også mini-plakat de kan dele ut til medlemmer og andre interesserte. Kanskje det lokale fotballaget ønskjer å stille opp? Og ordføraren og lokalavisa..?

MINI-plakat

GOD KAMP!

Beste helsing Mosaikkomiteen

www.peaceoneday.org

Publisert 7. September 2010, 14.19 · Kategori: CISV, Nyheter, Peace One Day