Velkommen til lokallagsiden til CISV Sogn & Fjordane!

Her finner du informasjon om det som skjer der du bor!

10. januar, 2012

Søkjarar til Interchange i Graz i Austerrike

CISV Sogn og Fjordane har framleis ledige plassar på Interchange til sommaren. Turen går til Graz i Austerrike. Vi søkjer spesielt jenter fødd anten i 1998 eller 1999. Diana Ekren er interchange kontakt. Du kan nå ho på e-post diana.husum.ekren@sogndal.kommune.no.

Vi har søkjarhelg 28. og 29. januar og der ønskjer vi at DU skal vere med!

18. desember, 2011

Informasjon om Interchange

Vi hadde ein avtale med CISV Danmark om at vi skulle på Interchange til København. No viser det seg at dei ikkje har søkjarar til Interchange og dei har difor trekt seg frå avtalen vi hadde.

I staden for Danmark vert det difor Interchange til Graz i Austerrike. Meir informasjon får de på Søkjarhelga.

15. november, 2011

Er du 21 år eller eldre sommaren 2012 – Søk som leiar for våre delegasjonar til Tyskland, Finland og Danmark.

CISV Sogn og Fjordane skal sende 1 delegasjon(2 j + 2 g / 11 år) på barneleir til Hamburg, 1 delegasjon(2 j + 2 g /11år) på barneleir til Lappeenranta, samt ein delegasjon(5-8 delt. /13-14 år)  som skal ha utveksling med Danmark sommaren 2012.

Vi treng ein mannleg leiar på 21 år eller eldre for delegasjonen som reiser til Finnland i perioden: 15.06. – 12.07.2012.

Vi treng ein kvinneleg leiar på 21 år eller eldre for delegasjonen som reiser til Tyskland 27.07. – 23.08.2012.

Vi treng  ein mannleg el. kvinneleg leiar på 21 år eller eldre for delegasjonen som skal ha utveklsing med Danmark (4 veker, endeleg dato ikkje fastlagt, truleg juli mnd)

Les meir om kva det inneber å vere leiar her.
Du kan også kontakte leiaransvarleg i vårt styre:
Inga H. Halsnes på mob. 93659732 .

SØKNADSFRIST:  1.desember

Elektronisk søknadsskjema finn du her.

 

 

15. november, 2011

Er du 16 – 17 år sommaren 2012 – Søk som JC (Juniorleiar) på Barneleir!

Det arrangerast over 50 barneleirer rundt om i verda kvar sommar.
Ein barneleir består av 12 delegasjonar, frå 12 ulike land, og varer i 4 veker.
I tillegg til delgasjonane og stab , deltek 6 juniorleiarar (JC) på kvar leir.

Les meir om korleis det er å vere JC her.

SØKNADSFRIST:  1.desember
Elektronisk søknadsskjema finn du her.

15. november, 2011

Er du 13-14 år sommaren 2012 – bli med på Interchange!

CISV Sogn og Fjordane skal ha Interchange med Danmark sommaren 2012 for 13-14 åringar.

Delegasjonen består av 5-8 deltakarar, samt 1 leiar på 21 år eller eldre.
Les meir om Interchange her.

SØKNADSFRIST:   1.desember
Elektronisk søknadsskjema finn du her.

15. november, 2011

Er du 11 år sommaren 2012 – bli med på barneleir!

CISV Sogn og Fjordane skal sommaren 2012 sende 2 delgasjonar på barneleir.

1. Finland, Lappeenranta, i perioden 15.06.-12.07.2012
2. Tyskland, Hamburg, i perioden 27.07.-23.08.2012

Kvar delegasjon består av 2 jenter og 2 gutar på 11 år, samt ein vaksen leiar på 21 år eller eldre.
Er du fødd i perioden 01.06.2000 – 31.08.2001 er du velkomen til å søkje.
Les meir om Barneleir her.

SØKNADSFRIST:   1.desember.

Elektronisk søknadskjema finn du her.

 

27. oktober, 2011

Årsmøte 2011

Her finn du Årsmelding 2011, samt referat frå årsmøte 23.oktober.

CISV Sogn og Fjordane ÅRSMELDING 2011

CISV Sogn og Fjordane ÅRSMØTE 2011 Ref.

 

2. oktober, 2011

Innkalling til Årsmøte i CISV Sogn og Fjordane 2011

Velkomen til Årsmøte i CISV Sogn og Fjordane søndag 23.oktober kl. 13.00 på Trudvang skule.

Vanlege årsmøtesaker:

*Årsmelding

*Revidert rekneskap (01.09.010.-31.08.11)

*Budsjett

*Val av styre, revisor og valnemnd

 

Eventuelle andre saker må vere sendt inn til styret seinast 2 veker før årsmøte.

Vi minner om at alle medlemar som har fylt 11 år har stemmerett i CISV.

Årsmøte vert i år halde direkte etter Post Village, så vi håpar på stor oppslutnad.
Vel møtt!

2. oktober, 2011

Post Village 2011

Velkomen til Post Village 22.-23.oktober på Trudvang Skule i Sogndal.
Her deltek leiarar og delegater frå årets delegasjonar.
Invitasjon vert utsendt til alle aktuelle deltakarar.

19. desember, 2010

Ledig plass på Interchange 2011

Er du 13-14 år i 2011?
Vi har framleis ledige plassar på Interchange med Østerrike i 2011.

Er du interessert, så ta kontakt med vår Interchangeansvarleg i Styret:

Sidsel Kinserdal
E-post: sidsel.kinserdal@gmail.com