Her finner du informasjon om det som skjer der du bor!
november 14, 2011
Det vert informasjonsmøte mandag 21. kl 18:30 i HSH sine lokaler på Rommetveit. Alle som har lyst å delta på ein internasjonal aktivitet vil få informasjon om kva det vil seia å delta på internasjonal leir.
CISV Sunnhordland lag tilbyr leire for 11-åringar og 14-15 åringar, samt leiarar over 21 år.
februar 11, 2011
CISV Sunnhordland har hatt rekordsøknad på sine internasjonale aktivitetar i 2011. Likevel er det framleis ledige plassar for gutar på 11, og 13-14 år.
Med 3 barneleirsdelegasjonar, ein Interchange for 13-14 åringar og ein summercamp-delegasjon for 15 åringar har Sunnhordland lag tilbod til dei fleste i år. Styret mottok mange søknadar, men hovudvekta av søkarane var jenter og framleis er det ledig eit par plassar for gutar.
Ta kontakt med Kristine Sæther på e-post sunnhordland@no.cisv.org for meir informasjon.
november 7, 2010
CISV Sunnhordland har mange spennande internasjonale aktivitetar for born og ungdom sommaren 2011. Interchange for 13-14 åringar, Summercamp for 14-15 åringar og Barneleir for 11-åringar.
Onsdag 17. november kl. 18:00 vert det informasjonsmøte på Nysæter ungdomsskule. Møtet varer omlag ein time. Søke gjer ein elektronisk via våre heimesider.
november 3, 2010
Fredag 12. november skipar CISV Sunnhordland, på vegne av CISV Norge workshopen “Mer av Norge“, med føremål om å inspirera lokalungdom til å setja i gong eigne prosjekt lokalt. Les mer
september 11, 2010
mai 3, 2010
CISV Sunnhordland lag arrangerer sin 8. leir og ser fram mot å ønska velkommen til 36 ungdommar på 15 år frå heile verda. Leiren startar 9. juli og varer fram til 31. juli.
Me får besøk av delegasjonar frå Nederland, Indonesia, Sverige, Libanon, Danmark, Canada, Storbritannia, Italia og Noreg. Delegatane er 15 år og delegasjonane består av 2 jenter, 2 gutar og leiar (21+).??I tillegg har me stab frå Noreg, Tyskland, Storbritannia og Kina.
Me søker no vertsfamiliar til den første helga under leiren. Å vera vertsfamilie er morosamt og lærerikt. Du får høve til å bli kjent med fire flotte ungdommar frå eit anna land og vise dei litt av korleis me lever her i Sunnhordland. Om du sjølv har ungdommar i heimen er det flott, men det er inga føresetnad. Det einaste du må ha, er tid til å ta imot gjester helga 9.-11. juli.
Om du kan tenke deg å vera vertsfamilie eller bidra med andre ting under leiren, ta kontakt med Jostein Sydnes på tlf. 91371097 eller e-post jostein.sydnes@no.cisv.org