Rommetveit skule klar for Summercamp

CISV Sunnhordland lag arrangerer sin 8. leir og ser fram mot å ønska velkommen til 36 ungdommar på 15 år frå heile verda. Leiren startar 9. juli og varer fram til 31. juli.

Me får besøk av delegasjonar frå Nederland, Indonesia, Sverige, Libanon, Danmark, Canada, Storbritannia, Italia og Noreg. Delegatane er 15 år og delegasjonane består av 2 jenter, 2 gutar og leiar (21+).??I tillegg har me stab frå Noreg, Tyskland, Storbritannia og Kina.

Me søker no vertsfamiliar til den første helga under leiren. Å vera vertsfamilie er morosamt og lærerikt. Du får høve til å bli kjent med fire flotte ungdommar frå eit anna land og vise dei litt av korleis me lever her i Sunnhordland. Om du sjølv har ungdommar i heimen er det flott, men det er inga føresetnad. Det einaste du må ha, er tid til å ta imot gjester helga 9.-11. juli.
Om du kan tenke deg å vera vertsfamilie eller bidra med andre ting under leiren, ta kontakt med Jostein Sydnes på tlf. 91371097 eller e-post jostein.sydnes@no.cisv.org

Publisert mai 3, 2010, 8:31 am · Kategori: Uncategorized

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *