Velkommen til lokallagsiden til CISV Voss!

Her finner du informasjon om det som skjer der du bor!

12. oktober, 2011

‘I Have a Mango’

Onsdag 19.oktober kl. 17.30-21.00 arrangeres det Workshop ‘I Have a Mango’ på Voss Husflidskule rom nr. 7.

Dette er et utvekslingsprosjekt mellom CISV Colombia og CISV Norge. Målet med workshopen er å inspirere deltakerne til å ta tak i temaet bærekraftig utvikling, samt motivere møtedeltakerene til å bidra i sitt lokallag og miljø
gjennom å planlegge målrettede og temabasert aktiviteter.

For meir info, se ‘I Have a Mango’ på CISV sine sider.

For påmelding, send mail til Randi Raknes randi.raknes@post.hfk.no

VELKOMEN!

 

2. november, 2010

CISV-Voss skal sommaren 2012 arrangere barneleir på Voss. I den annledning søker me etter leirsjef og stab.

Er du over 21 år og har erfaring CISV eller anna ungdomsarbeid ynskjer me kontakt med deg !

Ta kontakt med Kristina Finne tlf. 91142633 for ein uforpliktande prat.

22. oktober, 2010

Velkomen til CISV Voss !

Delegasjonen frå Voss 2010

CISV Voss er eit lokallag etablert i 1992. Laget sender vanligvis to delegasjonar kvar sommar, ein delegasjon på barneleir for 11-åringar og ein delegasjon på Summer Camp for 14-åringar. CISV Voss arrangerer barneleir kvart 3. år, neste leir på Voss er sommaren 2012.

Barneleir

Ein delegasjon inneheld fire 11-åringar ; to gutar og to jenter frå kvart land. Kvar leir inneheld 12 delegasjonar frå heile verda. Delegasjonane har med seg ein vaksen leiar. Barneleirane er hovedsakeleg kjenneteikna av leik. Gjennom leik vert ungane kjende, lærer om kvarandre; om likskapar og ulikskapar. Leiken er internasjonal og tverrkulturell. Venskapen som oppstår er kjernen og utgangspunktet for den vidare fredsutdanninga CVISV står for.

Summer Camp for 14 og 15-åringar

Summer Camp har same samansetning som ein barneleir. Leiren inneheld ei form for leiartrening, ved at ungdommen sjølv står for innhaldet i programmet. Dette er utfordrande og svært lærerikt. Leiarane skal fungere som rettleiarar og som støtte i planleggingsgruppene.

Ynskjer du å søke på leir sommaren 2012 må du på barneleiren væra født mellom 1.juni 2000 og 31.august 2001 og på SommerCamp væra født mellom 1.juni 1996 og 31.august  1998.

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Gunnvor Loven, gunloven@online.no 

Søknadsfrist: 1. desember 2011. 

 søknadsskjema finn du på:

http://cisv.no/aktiviteter/barneleir/delegat/

http://cisv.no/aktiviteter/summercamp/delta/

CISV er alltid interessert i juniorleiarar 16-17 år (JC)  og personar over 21 år som ynskjer å reisa som delegasjons leiar i samband med barneleir og ungdomsleir. CISV gjev eigen leiartrening. Alt leiar arbeid i CISV er frivillig, men reiseutgifter og leiropphald vert dekka. Er du interessert i å vera leiar, finn du søknadsskjema på:

http://cisv.no/aktiviteter