Foreldre

Har din son eller dotter lyst til å reise på Youth Meeting?
Her kan du lese om andre foreldre sine erfaringar!

Youth Meeting-invitasjonane er nasjonale, noko som betyr at alle medlemmer i CISV Norge kan søke på plassane, uavhengig av fylkeslag. Delegasjonane vert så samansette av delegatar frå heile landet.

Dersom ein kjem frå eit lite fylkeslag, er dette ein fin mogelegheit for ungdomar til å knytte venskap med andre jamngamle i organisasjonen.

Det vert organisert ein helgetur i forkant av leiren, der ungdomar og leiar møtast, blir kjende med kvarandre og førebur seg til leiren. Det er viktig at du som forelder følger opp og hjelper til med førebuingane.

Har du lyst til å skrive om di erfaring som forelder, ta kontakt med oss på youthmeeting@no.cisv.org!