Youth Meeting

CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

Youth Meeting

Youth meeting er korte og regionale leirar baserte på eit leirtema som let ungdomar utforske interkulturelle tema i ein regional kontekst.

Youth meeting varer i 8 eller 15 dagar, og arrangerast for aldersgruppene 12-13, 14-15, 16-18 og 19+.

Kva er eit Youth Meeting?

Youth meeting oppsto som minileirar arrangerte av lokallag som Mosaic-aktivitetar for juniorar. Desse minileirane vart så populære at dei gjekk frå å vere helgeleirar til litt lengre leirar i skuleferiane. Seinare utvikla dei seg til å bli både nasjonale og internasjonale, og leirinnhaldet utvikla seg i takt med dette.

Programmet byggjer på CISV sine kjerneverdiar, og det leggast vekt på at deltakarane utviklar evne til leiarskap og organisasjonsarbeid.

Deltakarane møtast i 8 eller 15 dagar i løpet av ein av skuleferiane – det kan vere i påska, i sommarferien eller i juleferien.

Deltakarar under 16 år reiser saman i delegasjonar på 6 saman med ein leiar over 21 år, til leiarar der det er til saman 5 delegasjonar.
Deltakarar over 16 år reiser som individuelle deltakarar, oftast to eller tre frå kvart land, til leirar med om lag 25 deltakarar.

Kvifor delta på Youth Meeting?

Denne typen korte og regionale leirar er ein mogelegheit for ungdommar til å utforske viktige interkulturelle tema.
Leirtemaet utfordrar deltakarane til å diskutere, ta standpunkt og aktivt tenke gjennom sin og andre sine rollar i samfunnet.

Leirtema kan vere til dømes ”identity”, ”behind the wall”, ”dare to react” eller ”the butterfly effect”.

Youth meeting oppfordrar òg til vidare deltaking i CISV når deltakarane kjem attende etter avslutta program ved å fokusere på korleis enkeltpersonar aktivt kan påverke sitt lokalmiljø.