Nettverk, Engasjement og Oppfølging 2014

CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

Nettverk, Engasjement og Oppfølging 2014

Helga 19.-21. September gjekk årets NEO (Nettverk, Engasjement og Oppfølgingsseminar) av stabelen i Oslo. Det vart ei helg fylt med latter og moro, mimring frå årets leir-opplevingar, og info om fleire moglegheiter i CISV.

NEO er ein nasjonal post-camp for alle over 16 år som har vore på program i regi av CISV i år, og skapar ein unik moglegheit til å treffa både nye og kjente fjes frå heile landet, og å høyre korleis dei har hatt det på dei ulike programma.

NEO 2014

Activity at NEO 2104

NEO 2014

Activity at NEO 2014

Ein viktig del av NEO er å skapa ein arena kor dei som har delteke på program i sommar kan snakka ut om kva dei opplevde då dei reiste ut i verden – både det som var utfordrande og det som var fantastisk. Dette skjedde gjennom gruppediskusjonar, rollespel kor dei fekk presentera sine respektive program, og nedskriving av tips og triks til neste års deltakarar.

Creative presentation of the camp

Creative presentation of the camp

Creative presentation of the camp

Creative presentation of the camp

 

Men ikkje alle bolkane handla om å bearbeide sine opplevingar. Vi fekk mellom anna ein introduksjon til neste års tema, konflikt og løysing, frå deltakarane i Jirafa Project, vi fekk være kreative då EVS-praktikantane våre held ein aktivitet om gåver, og vi fekk idémyldre rundt korleis vi kan skape mosaikk-prosjekt i lokalmiljøa våre.

Helga enda forhåpentlegvis med at nye vennskap oppsto og at fleirtalet reiste frå NEO motivert for å engasjera seg vidare i CISV i framtida!

Publisert 2. oktober 2014, 15:15 · Kategori: CISV Norge

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *