NEO – Nettverk, Engasjement og Oppfølging

CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

NEO – Nettverk, Engasjement og Oppfølging

Helga 18.-20. september gjekk årets NEO av stabelen i Oslo. Fleire enn 80 deltakarar reiste frå alle delar av landet for å utveksle erfaringar frå årets opplevingar, danne større CISV-nettverk og for å finne ut kva moglegheiter ein har for vidare engasjement i organisasjonen vår. Vi hadde ei god blanding av både erfarne og nye CISVarar. Ei perfekt moglegheit til å treffe nye venner!

I bolkane fekk deltakarane debriefa opplevingane frå sommaren, gje innspel til forbedringar i trening, og dei fekk dela av si kunnskap om dei ulike programma på kreative måtar med både sang, dans og drama. Og gjennom heile helga var det sjølvsagt fokus på å ha det kjekt og bli betre kjend med kvarandre.
Ellers bidro fleire av våre fantastiske juniorar med bolkar. Rasmus frå brettspel-prosjektet hadde med Athena som vi alle fekk teste, og Helene og Line frå juniorkomiteen holdt ein workshop kor vi fekk byrje å tenke på neste års tema, bærekraftig utvikling.
  NEO-bilde1 neo5
Juniorkomiteen har og laga ein kort film frå årets NEO som du kan sjå inne på deira Facebook side.
Neste år arrangerast NEO 23.-25. september, så legg datoen i kalendaren allereie no, og ikkje gå glipp av årets høgdepunkt!

Publisert 28. september 2015, 16:12 · Kategori: CISV Norge

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *