Nokre dagar er lettare å hugsa enn andre. Ungdommar frå Hordaland som har vore på Summercamp i sommar bidrog til å minnast alt det gode i verda på dagen som mest bringer minner om terror og frykt.
Folk fekk smil og ord om fred og venskap med seg då dei vitja handlesenteret i Sagvåg på Stord laurdag. -Me er på Post Camp på Nysæter ungdomsskule, og har diskutert det som skjedde for ni år sidan, seier Taran Neckelmann, Me ville gjera noko positivt for folk på ein dag som kanskje blir hugsa for terror og krigsfrykt, fortset ei engasjert Taran. Og smil fekk dei tilbake. Mange synes det var hyggeleg med litt glede på ein regntung dag og sat stor pris på opptrinnet.
Anne K. Giltvedt, leiar for delegasjonen frå Bergen, fortel at initiativet kjem frå ungdomane sjølv og at dei har planlagt opptrinnet sjølve. -Ungdommane har vore på Summercamp der dei lærte å planlegge aktivitetar. Dei har difor god erfaring i dette. Men det er veldig kjekt når dei kan gjera noko i lokalsamfunnet også. Det var ein fin, symbolsk og inkluderande aktivitet, synes Anne.