09/11 2010

Nokre dagar er lettare å hugsa enn andre. Ungdommar frå Hordaland som har vore på Summercamp i sommar bidrog til å minnast alt det gode i verda på dagen som mest bringer minner om terror og frykt.

Tenk om det fantest ein dag i året der det var fred på heile jorda?!?

21. september er FN sin internasjonale fredsdag. Bli med og feire! CISV’arar over heile verda skal markere Peace One Day 2010 ved å spele fotball. CISV International ønskjer film eller bilete frå alle lokallag som har spelt og vil presentere kampane saman. Målet er å samle så mange deltakarar som mogleg for å syne at dersom vi kan samle menneske over heile jorda for å spele fotball éin dag, kan vi også samlast om mykje større ting!