Tysdag 26.november, fekk CISV Noreg delta på Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) sitt frukostmøte om korleis ein som organisasjon kan jobbe meir aktivt mot berekraftsmåla. Med flinke førelesarar som Cilia Indahl, tidlegare ungdomsdelegat til FNs toppmøte om berekraftig utvikling Rio+20, og Rode Margrete Hegstad, styreleiar for LNU, fekk me eit godt innblikk i korleis ein kan, både med enkle og avanserte tiltak, arbeide for å nå desse måla.

Me fekk også eit godt verktøy for å hjelpe oss i gong; LNU har laga ei side med forslag til fleire aktivitetar for å hjelpe å nå måla.

http://baerekraft.lnu.no

På denne sida kan du som medlem av eit lokallag, men også CISV Norge, finne fleire artige aktivitetar som ikkje berre vil skape glede hos deltakarane, men som også vil vere med på å bygge opp under berekraftsmåla. Til dømes kan ein ha ein klimaansvarlig i kvar leirkomité for å få eit ansvarleg forbruk (mål 12) og for å minke klimaendringane (mål 13), eller so kan ein innføre vegetarmat på leir/møte for å arbeide mot dei same måla, men også målet om god helse (mål 3).

Dei 17 FN måla kan for nokon virke som store mål som det ikkje er lett å gjere noko med, men ved hjelp av LNU si nettside kan ein sjå kor relevant desse måla faktisk er. Me har alle noko me kan gjere for å skape ein betre verd! Derfor oppfordrar me i CISV Norge alle til å ta ein titt inne på sida og finne ut kva mål de vil arbeide for, og korleis ein kan gjere dette på best mogleg måte.

Kjenn ditt mål og jobb aktivt mot det!


Skrevet av Eline Ylvisåker, 26.11.2019