CISV Norge leiter etter engasjerte mennesker som ønskjer å gjere ein ekstra innsats for organisasjonen. På Landsmøtet 2021 skal det veljast nye medlemmer till Sentralstyret og dei nasjonale komiteane.
Har du lyst å vere med å påverke korleis CISV Norge skal drive organisasjonen etter koronakrisa? Er du knakande god på sosiale medier og kan bidra med informasjonsarbeid? Har du eit ekstra engasjement for CISV sine leirprogram? Tykkjer du CISV Norge kan bli bedre på å ivareta våre frivillige? Dette og mykje meir arbeider Sentralstyret og dei nasjonale komiteane med, og dei treng din innsats!
CISV Norge sitt Sentralstyre og dei nasjonale komiteane har spennande arbeid knytt til utvikling av organisasjonen, samt fleire administrasjonsoppgåver knytt til gjennomføringa av programma våre. Å ha eit nasjonalt verv i CISV Norge gir verdifull erfaring med organisasjonsarbeid, og ein får delta på fleire sosiale og lærerike arbeidshelger med dei andre i komiteane og Sentralstyret. Sjå utfyllande informasjon om kvart verv under.
Kjenner du nokon som kan vere interessert, eller er du interessert i å stille til val sjølv? Send namn på aktuelle kandidatar til valg@no.cisv.org.
Valkomiteen består i år av Herborg Kolbeinshavn, Knut Berge og Oda Johnsen Longvanes. Det er berre å kontakte oss dersom de har spørsmål knytt til verva.
Sentralstyret – Leiar – Programansvarleg | Programkomiteen – Barneleir-koordinator – Seminarleir-koordinator | Juniorkomiteen – Junior-NJR – 2 medlemmer |
Utdanningskomiteen – Leiar – 1 medlem | Ressurskomiteen – Leiar – 2 medlemmer | Kontrollkomiteen – 3 medlemmer |
Kommunikasjonskomiteen – Leiar | Risk Management-komiteen – 2 medlemmer | Valgkomiteen – 3 medlemmer |
Sentralstyret
Her kan du finne arbeidsbeskrivelsen til Sentralstyret, leiar og programansvarleg: https://cisv.no/dokument-og-protokoller/#148-sentralstyret
- Leiar (2 år)
Leiaren i Sentralstyret bør ha interesse for organisasjonsarbeid og vere motivert for å arbeide mykje med den vidare utviklinga av CISV Norge. Som leiar vil ein få god innsikt i korleis organisasjonen blir driven på alle nivå, frå internasjonalt til lokalt. Vervet gir svært variert erfaring, og inkluderer blant anna overordna ansvar for Landsmøtet, å ha formelt arbeidsgiveransvar for dei to ansatte i CISV Norge og at ein internasjonalt (og nasjonalt) kan titulere seg som “President”;-)
- Programansvarleg (2 år)
Som Programansvarleg i Sentralstyret må ein brenne for leirprogramma til CISV! Programansvarleg har saman med resten av Sentralstyret ansvar for dagleg drift og utvikling av organisasjonen, og som programansvarleg har ein særleg ansvar knytt til å koordinere arbeidet før, under og etter leirprogramma ilag med dei nasjonale komiteane og fylkes-og lokallag.
Utdanningskomiteen
Utdanningskomiteen har ansvar for CISV Norge sine kurs og “treninger”.
Sjå arbeidsbeskrivelsen til Utdanningskomiteen her: https://cisv.no/dokument-og-protokoller/#137-nasjonale-komiteer
- Leiar (2 år)
Bør ha interesse for fredsutdanning, og korleis CISV Norge kan bli best mogleg på å kurse deltakarar, leiarar og stab. Er ein fordel å sjølv ha delteke som leiar, stab eller hatt anna leiaransvar på leir. Som leiar av utdanningskomiteen har ein overordna ansvar for at komiteen utfører sine arbeidsoppgaver knytt til å koordinere planlegging, gjennomføring og evaluering av CISV Norge sine kurs og treninger. Den praktiske gjennomføringa av kursa er eit samarbeid mellom andre komitear og frivillige kursleiarar, men det er viktig at leiar har eit overblikk og er god til å delegere oppgaver.
- Valgt medlem (2 år)
Bør som leiar av komiteen ha interesse for fredsutdanning, og korleis CISV Norge kan bli best mogleg på å kurse våre deltakarar, leiarar og stabar. Er ein fordel å sjølv ha delteke som leiar, stab, JC eller hatt anna leiaransvar på leir.
Kommunikasjonskomiteen
Sjå arbeidsbeskrivelsen til Kommunikasjonskomiteen her: https://cisv.no/dokument-og-protokoller/#137-nasjonale-komiteer
- Leiar (2 år)
Leiar av Kommunikasjonskomiteen bør vere interessert i å arbeide strategisk med korleis CISV skal kommunisere ut til eksisterande medlemmar og potensielle nye CISVarar gjennom vår nettside, våre sosiale medier-kontoar og andre kommunikasjonskanalar. Dersom du er glad i å produsere innhald til sosiale medier, liker å arbeide med tekst og bilde, og har lyst til å leie ein komité med ansvar for sånne oppgåver, vil dette vervet passe for deg!
Programkomiteen
Programkomiteen samarbeider med dei andre komiteane, Sentralstyret og fylkes-og lokallaga om å planlegge, gjennomføre og evaluere våre internasjonale program.
Sjå arbeidsbeskrivelsen til Programkomiteen her: https://cisv.no/dokument-og-protokoller/#137-nasjonale-komiteer
- Barneleir-koordinator (2 år)
Barneleir-koordinatoren har fleire oppgåver knytt til koordingering av vårt eldste program og det programmet som vi enno arrangerer flest av i løpet av året, sjølvaste barneleir-programmet! Desse oppgåvene vert utført i samarbeid med dei andre i programkomiteen, og innebærer til dømes å trekke JC-plassane til CISV Norge. - Seminarleir-koordinator (2 år)
Seminarleir-programmet vert administrert nasjonalt, så seminarleir-koordinatoren har ansvar for prosessen med å følge opp søkjarar til seminarleir, trekke kven som får reise på leir og følge opp deltakarane, samt halde kontakta med internasjonalt og følge opp invitasjonar.
Ressurskomiteen
Sjå arbeidsbeskrivelsen til Ressurskomiteen her: https://cisv.no/dokument-og-protokoller/#137-nasjonale-komiteer
- Leder ressurskomiteen (2 år)
Som leder av ressurskomiteen har du ansvar for at komiteen leverer på sine ansvarsområder.- At CISV makter å ivareta sine frivillige på en god måte.
- I tillegg har komiteen ansvar for at cisv finner nye gode inntektskilder som muliggjør arbeidet vårt.
- Det siste ansvarsområdet handler om at CISV har gode digitale løsninger.
Komiteen er fortsatt relativ ny og det er fin mulighet til å sette retning.
- 2 valgte medlemmer som jobber sammen med leder om å nå nevnte mål
Felles for vervene i komiteen er at du må være glad i å se muligheter og nye løsninger. I denne komiteen får du mulighet til å få nyttig erfaring innen forbedringsarbeid, analyse og ikke minst mulighet til å bidra til at alle de flotte frivillige i CISV får det enda bedre.
Risk Management-komiteen
Sjå arbeidsbeskrivelsen til Risk Management-komiteen her: https://cisv.no/dokument-og-protokoller/#137-nasjonale-komiteer
- 2 valgte medlemmer (2 år)
Er du interessert i å planlegge korleis CISV Norge kan jobbe for å minimere risikoen for at alvorlege hendingar oppstår under våre leirprogram? Har du tankar om kva det er viktig at leirarar, stab og deltakarar får opplæring i før leir? Meiner du noko om retningslinjene vi skal ha til våre nasjonale arrangement? Dette er nokre av problemstillingane Risk Management-komiteen arbeider med. Komiteen har løpande ansvar for å følgje opp uønska hendingar på CISV-program, og samarbeider tett med andre RM-ansvarlege i CISV International.
Juniorkomiteen
Juniorkomiteén representerer alle juniorer i CISV Norge. I komiteen er det 4 medlemmer; senior-NJR, Junior- NJR og to komitémedlemmer. Er du en aktiv junior og vil få mer erfaring både på nasjonalt eller internasjonalt nivå så er juniorkomiteen perfekt for deg!
Sjå arbeidsbeskrivelsen til Juniorkomiteen her: https://cisv.no/dokument-og-protokoller/#137-nasjonale-komiteer
- Junior-NJR (2 år)
Som Junior-NJR blir du valgt inn for 2 år, første året som junior-NJR og andre året som senior-NJR. En NJR står for Nasjonal juniorrepresentant. Som NJR har du ansvar for å representere Norge sine juniorer, her har du møter og mye kontakt med nabolaget vårt Northern Neighbourhood men og den internasjonale JB-en. I juniorkomiteen fremstår junior-NJR som en nestleder, og samarbeider med senior-NJR. I dette vervet bør en være en god talsperson for alle juniorer i Norge og ha interesse for å utvikle juniormiljøet i Norge!
- 2 komitémedlemmer (1 år)
Som medlem av juniorkomiteen får man muligheten til å møte masse juniorer fra CISV Norge og jobbe sammen med dem, samtidig som man får se hvordan CISV Norge driftes fra innsiden. Her får du mye erfaring med planlegging av aktiviteter for juniorer i CISV Norge. Du får og mulighet til å delta på de nasjonale samlingene til CISV Norge og du får og deltatt aktivt i planleggingen til høstmøtet! Du bør være samarbeidsvillig i komiteen og bidra med ideer og innspill som kan gjere aktiviteter og arrangement for juniorer gøy og læringsrikt!
Kontrollkomiteen
Kontrollkomiteen har ansvar for at CISV Norge følgjer sine vedtekter og retningslinjer. Komiteen bør bestå av erfarne CISVarar som kjenner godt til organisasjonen på nasjonalt nivå. Komiteen fungerer som eit slags “Bestemor Piletre” for Sentralstyret, og kan kontaktast av andre med spørsmål om vedtekter eller andre forhold i organisasjonen.
Sjå arbeidsbeskrivelsen til Kontrollkomiteen her: https://cisv.no/dokument-og-protokoller/#137-nasjonale-komiteer
- 3 medlemmer (1 år)
Valgkomiteen
Gjer det viktige arbeidet med å rekruttere folk til dei nasjonale programma våre. Er ein fordel å kjenne til fleire frivillige, både i fylkes-og lokallag på nasjonalt nivå.
- 3 medlemmer (1 år)