Helga 18.-20. september gjekk årets NEO av stabelen i Oslo. Fleire enn 80 deltakarar reiste frå alle delar av landet for å utveksle erfaringar frå årets opplevingar, danne større CISV-nettverk og for å finne ut kva moglegheiter ein har for vidare engasjement i organisasjonen vår. Vi hadde ei god blanding av både erfarne og nye CISVarar. Ei perfekt moglegheit til å treffe nye venner!
I bolkane fekk deltakarane debriefa opplevingane frå sommaren, gje innspel til forbedringar i trening, og dei fekk dela av si kunnskap om dei ulike programma på kreative måtar med både sang, dans og drama. Og gjennom heile helga var det sjølvsagt fokus på å ha det kjekt og bli betre kjend med kvarandre.
Ellers bidro fleire av våre fantastiske juniorar med bolkar. Rasmus frå brettspel-prosjektet hadde med Athena som vi alle fekk teste, og Helene og Line frå juniorkomiteen holdt ein workshop kor vi fekk byrje å tenke på neste års tema, bærekraftig utvikling.
Juniorkomiteen har og laga ein kort film frå årets NEO som du kan sjå inne på deira Facebook side.
Neste år arrangerast NEO 23.-25. september, så legg datoen i kalendaren allereie no, og ikkje gå glipp av årets høgdepunkt!